Vedtekter for Hjelmbrekkefeltet Grendalag stifta 24.08.1982
Vedtatt av stiftelsesmøtet 14.12.2017

§ 1       NAMN
Velforeiningas namn er:
Hjelmbrekkefeltet Grendalag

§ 2       FORMÅL
Hjelmbrekkefeltet Grendalag er ei velforeining for bebuarane i Hjelmbrekkefeltet i Jølster kommune.

Hjelmbrekkefeltet Grendalag skal:
·         Auke trivsel i nabolaget.
·         Sørge for vedlikehald av fellesområda.
·         Jobbe aktivt med oppgradering og fornying av fellesområda.
·         Vere pådrivar for dugnad og årlege samlingar (jonsok, vårreingjering etc.).
·         Vere partipolitisk uavhengig.

§ 3       GEOGRAFISK OMRÅDE
Langs E39 frå tidlegare Lefi Bakst inkl. bebuarar på motsett side av elva, til garden på Fluge (ovanfor Jølstraholmen), gardane på Hjellbrekka og Flugekvam.
Det geografiske området kan endrast dersom bebuarane i området rundt yttergrensa ynskjer å bli eller ikkje bli rekna som ein del av Hjelmbrekkefeltet.

§ 4       JURIDISK PERSON
Hjelmbrekkefeltet Grendalag er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og begrensa ansvar for gjeld.

§ 5       MEDLEMSKAP
Kvar husstand innanfor geografisk område definert i § 3, kan bli medlem av velforeininga. Vedkommande må godta foreiningas vedtekter og formål. For å vere medlem må ein til ein kvar tid betale den fastsette medlemskontingenten. Medlemskapet er først gyldig frå den dag kontingenten er betalt og dette gir rett til stemmegiving ved årsmøte.
Medlemmer som flytter ut av foreiningas område strykast som medlem.
Medlemmar som handlar i strid i foreiningas formål eller opptrer på ein måte som skadar foreiningas renommé, kan ekskluderast. Avgjera må fattast/godkjennast i årsmøtet.
Ved utmelding vert ikkje medlemskontingenten refundert.

§ 6       ÅRSKONTIGENT
Årsmøtet fastset medlemskontingenten som innbetalast til fastsett frist. Medlemmer som ikkje har betalt kontingent innan regnskapsårets utgang, kan strykast etter purring.

§ 7       ÅRSMØTE
Velforeiningas øvste myndigheit er årsmøtet. Ordinært årsmøte haldast innan utgangen av april månad. Tid og stad vert fastsett av styret og skal varslast minst 4 veke før. Forslag til årsmøtet må vere innsendt minst 2 veker før møtet og skal vere tilgjengeleg for medlemmar minst 1 veke før møtet.
Årsmøtet kan berre fatte vedtak på dei saker som er satt opp på innkallinga.
Alle medlemmer har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet blir vedtaksført med talet på medlemmer som møter. Ingen har meir enn ei stemme.
Årsmøtet behandlar:
·         Årsmelding frå styret
·         Rekneskap i revidert stand
·         Innkomne forslag
·         Planar for kommande år og budsjett (her under medlemskontingent)
·         Val av:
- Leiar (1 år)
-Nest leiar (2 år)
-Medlemmar (2 år)
-Kasserar (2 år)
-Vara medlem (2 år)
Det skal veljast ordstyrar og skrivar til møtet. Desse treng ikkje vere medlem av foreininga. Årsmøtets vedtak vert protokollført og sendt til medlemmar ved ynskje.
Eit alminneleg fleirtal av stemmer er gyldig for å fatte vedtak. Blanke stemmer vert rekna som ikkje teljande. Skriftleg val dersom det er fleire enn tre alternativ. Kunn foreslåtte kandidatar kan førast opp på stemmesetel.

§ 8       EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret finn det påkravd eller minst 10% av medlemmane kjem med skriftleg krav om det. Innkalling og avvikling følger same prosedyre som ved vanleg årsmøte. Innkallingsfrist er 14 dagar.

§ 9       MEDLEMSMØTE
Medlemsmøte skal haldast dersom styret finn det nødvendig og med minst 8 dagars varsel.  

§ 10     STYRET
Styret er foreiningas øvste myndigheit mellom årsmøtet.
Styret skal:
·         Iverksette årsmøtets vedtak
·         Stå for den daglege leiing av foreininga
·         Forvalte og føre kontroll av foreiningas økonomi
·         Utpeike komitear/personar til å løyse spesielle oppgåver
·         Etter beste evne oppfylle foreiningas formål og vedtekter
·         Representere foreininga utetter
Styret har disposisjonsrett over foreiningas midlar til administrative formål og rett til å løyve beløp til gjennomføring av vedtak fatta i årsmøtet.
Styret held møte når leiar bestemmer det eller når fleirtalet av styremedlemmane forlanger det. Alle saker og korrespondanse skal framleggas. Styrets vedtak skal protokollførast.  Alle medlemmar har rett til innsyn i protokollane frå styremøte. Innsynet kan nektas dersom 3. mann eller andre hinder ligg til grunn.
Styret kan avgjere når fleirtalet, deriblant leiar eller nestleiar er til stades. Leiar eller nestleiar styrer møter. Avgjerder krev alminneleg fleirtal. Ved likt tal av stemmer har leiar dobbeltstemme.

§ 11     REKNESKAP
Rekneskapsåret går frå 1.1 – 31.12
Styret skal sørge for at rekneskapen blir ført.

§ 12     VEDTEKSTENDRINGAR
Vedtektsendringar krev 2/3 av dei gjevne stemmene, og må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Endringar trer i kraft med det same og har ikkje tilbakeverkande kraft.

§ 13     AVVIKLING / DELING
Avvikling av foreininga kan kunn vedtakast på ordinært årsmøte. Vedtaket skal ha minst 2/3 av fleirtalet og det skal kallast inntil ekstraordinært årsmøte 3 månadar seinare. Ny stemmegjeving skal ha 2/3 av fleirtalet før vedtaket er gyldig.
Deling eller samanslutning med andre foreiningar er ikkje å sjå på som avvikling. Vedtaksendringar i forbindelse med samanslutning skal treffast i samsvar med § 12. Styret skal utarbeide ein plan for samanslutning som årsmøtet skal stemme over.

******************