Godt nyttår til alle!

Jess! Då er nytt år i gang og Hjelmbrekkefeltet Grendalag er klare med blanke ark. Vi håpar at vi får eit stort antall nye medlemmar dette året, slik at vi får eit godt grunnlag for å drive grendalaget til nye høgder. Innmelding gjere du ved å fylle ut skjemaet her. Vi har oppretta Vipps konto for grendalaget for å forenkle betaling av medlemskap. Medlemskapet er kr. 200 pr. år. Etterkvart som vi registrerar innmelding og betaling sender vi ut medlemskort pr. epost. (vi ynskjer kunn innbetaling for ett år i slengen) Medlemmar får innkalling til årsmøte som vi planlegg innan utgangen av mars månad. Her legg vert det halde valg av styre og tatt opp saker av varierande art. 

Vi ser fram til eit spennande 2018. Smiehogen er under planlegging. Her er det svært viktig at folk les gjennom kunngjeringa til Jølster Kommune og kjem med innspel til denne dersom det skulle vere noko å settje fingeren på. Vi kan gjere eit forsøk på å samle desse merknadane og sende desse inn samla gjennom grendalaget. Då sender du forslag til merknad til post@hjelmbrekkefeltet.no Hugs svarfristen som er satt til 8. februar 2018. 

Elles for 2018 ynskjer vi ei like flott oppsluttning ved vårreingjeringa som i 2017. Dette var ein svært kjekk og sosial happening som vi ynskjer fortsette med. Likeins med jonsokfeiring ved ballbingen. I 2017 fekk vi mykje regn på jonsok, men til tross for dette hadde vi bra oppmøte også då. Det vart nok ekstra populært med brannbil tilstades. Håpar vi får til dette i år og. I bildegalleriet har vi lagt ut nokre bilder frå desse dagane. 

På vegne av styret i Hjelmbrekkefeltet Grendalag ynskjer eg alle eit riktig godt 2018! 

MVH
Henning Svalheim
-styreleiar-